Matematikk finst overalt i kvardagen.

Difor har det nye matematikkverket vårt fått namnet Matte overalt. Vi vil vise den verkelegheitsnære matematikken, den som er overalt og ikkje berre i klasserommet når elevane har matematikk på timeplanen. For å skildre matematikken brukar vi eksempel og bilete frå verkelegheita som elevane kan kjenne seg att i. Vi brukar fotografi som grunnlag for illustrasjonane i staden for teikningar, og bileta er av kjende ting og situasjonar.

Undervisningskvardagen

Undervisningskvardagen

Vi har også tenkt på kvardagen og verkelegheita til deg som underviser. Vi vil at det skal vere enkelt å vere ein god lærar, difor har vi laga ei praktisk og instruktiv lærarrettleiing til kvar grunnbok. Her finn du faksimilar av kvar side i grunnboka med lett forståelege instruksjonar til. Med lærarrettleiinga i klasserommet har du alltid tips til gjennomføring, differensiering og fleire aktivitetar.

Lærarrettleiinga gir deg oversikt over læringsmål som du kan snakke med elevane om, og kva utstyr du treng for å jobbe med oppslaga. Det kan vere fargeblyantar, teljbrikker, terningar med meir. Mykje av utstyret finn du i tilknyting til lærarrettleiingane. Konkretar får du saman med den første lærarrettleiinga og kopioriginalar finn du i dei ulike lærarrettleiingane og på nettsidene. Med lærarrettleiingane får du også hjelp til å halde oversikt over progresjonen til elevane og klassen gjennom to ulike vurderingsskjema.

Dei ulike elevane

Det er viktig at alle elevane får oppgåver og utfordringar som passar dei. Då blir lærelysta stimulert! Nokre elevar vil oppleve at stoffet i grunnboka er vanskeleg, og nokre vil meine det er enkelt. Under ”Meir hjelp” får du tips til korleis du kan gjere innhaldet på sidene enklare for dei som treng det. Under ”Meir utfordring” får du tips om korleis du kan utvide innhaldet for å gi barna meir utfordrande oppgåver.

Oppgåver og øvingar

Oppgåvene i Matte overalt er godt gjennomtenkte og planlagde. Alle har eit føremål og passar inn i progresjonen. Til dømes har løysinga på fargeleggingsoppgåvene ofte eit poeng som heng saman med fagstoffet. Oppgåvene tek omsyn til at elevar lærer ulikt og har ulik forståing av matematikken. Barna får øving i argumentasjon, og dei arbeider både munnleg og skriftleg, dei lærer å setje ord på matematikken, og dei lærer seg å lære matematikk.

Refleksjon og argumentasjon

I Matte overalt har ei rekkje av oppgåvene ei open løysing. Desse oppgåvene er tydeleg merkte og/eller omtalte i underteksten, og læraren får tips i rettleiinga til korleis desse oppgåvene kan løysast og snakkast om. Her må barna lære seg å reflektere og argumentere, og berre slik kan dei øve opp den matematiske innsikta og utvikle matematisk kompetanse. Kva når det kan vere fleire løysingar, og ikkje berre ei er rett? Desse oppgåvene er gode som øvingar i fellesskap for heile klassen sidan alle kan ha rett, då er det ingen som er flinkast.

Mengdetrening

Matte overalt har eit stort oppgåveutval. I arbeidsbøkene og på nettsida finst ei rekkje oppgåver som gir mengdetrening innanfor kapitla. Oppgåvene finst i ulike nivå, og elevane skal alltid ha mogelegheit til meir utfordring. Oppgåvene i arbeidsboka er differensierte. Dei blir vanskelegare utover i kapitlet, og mange av dei kan løysast på ulike måtar. Slik kan læraren tilpasse dei til barnas faglege nivå.

Progresjon

Vi meiner at elevane kan lære mykje viss dei har det gøy med matematikken. Vi meiner også at det er lett for læraren å gi elevane dei rette utfordringane, viss dei har det rette verktøyet. Barna er interesserte i å lære seg å bruke tala og bør møte desse så tidleg som mogeleg. Det skaper motivasjon til å arbeide vidare med faget, og for mange elevar er nettopp talsymbola det dei tenkjer på i samband med matematikk. Vi byrjar også tidleg med addisjon og subtraksjon. Når barna har lært tala, er det ekstra motiverande å lære kva dei kan bruke dei til! Dette er tal dei kjenner frå sin eigen kvardag gjennom kalender, pengar, adresser og liknande. Vi har ein høg progresjon som gjer overgangen mellom 2. og 3. trinn og 4. og 5. trinn lettare. Det er viktig å halde ein høgare progresjon enn det som har vore vanleg for småskoletrinnet i Noreg viss vi skal kunne samanlikne med nivået internasjonalt.

Skole-heim-samarbeid

Gjennom nettstaden og instruksjonane til læraren legg vi opp til eit godt samarbeid mellom skole og heim. I lærarrettleiinga finn du som til dømes eit vurderingsskjema for enkeltelevar. Dette er godt å bruke i samtalar om eleven med føresette. Her kan ein enkelt registrere progresjonen og rapportere denne til heimen. I grunnboka finn både du og foreldra råd til løysing av oppgåver slik at ein forstår kva barna skal øve seg på.

Forfattarane

Forfattargruppa består av to tilsette ved Høgskolen i Østfold og ein praktiserande lærar. Gruppa har ei god blanding av fagleg-didaktisk tyngd og kreativitet med nærleik til den praktiske undervisningskvardagen.

Odd Tore Kaufmann er høgskolelektor/stipendiat. Han underviser på Høgskolen i Østfold, allmennlærarutdanninga (Matematikk 1 og GLSM) og etterutdanning av lærarar.

Audun Rojahn Olafsen er høgskolelektor på Høgskolen i Østfold. Han jobbar med allmennlærarutdanning, PPU, førskolelærarutdanning og etterutdanning av lærarar.

Kari Rikheim er lærar ved Rød skole, Onsøy i Fredrikstad.

Samlaget

Nyheitsbrev

Få nyheiter om nye opplæringsvideoar, komponentar, kurs med meir.


Kontaktinformasjon

Telefon: 22 70 78 00
E-post: skolebokinfo@samlaget.no
Adresse: Postboks 4672
Sofienberg
0605 Oslo