
Konkretar er med på å lette overgangen til talforståing, forståing av dei fire rekneartane og matematikk generelt. Konkretar kan ein gjerne bruke til differensiering. Kvar elev kan opparbeide forståing av faget ved å kombinere til dømes teljebrikker og den formelle matematikken. Det visuelle biletet som blir danna gjer overgangen til den abstrakte og formelle matematikken lettare.
Alle som bestiller Lærarrettleiingar til Matte overalt får konkretiseringsmateriellet gratis i tillegg. Materiellet må du bestille frå forlaget. Send ein e-post til skolebokinfo@samlaget.no med emnefeltet "konkretiseringsmateriell". Skriv kva for rettleiing du har kjøpt og kor mange. Konkretiseringsmateriellet til 1. trinn er ferdig til skolestart hausten 2010.07.01
Pakka inneheld 300 raude, 200 blå og 100 grøne brikker. Elevane brukar brikkene som teljemateriell. Mange matematiske prosessar blir lettare å forstå når ein brukar konkretane til taktil og visuell støtte i rekneoperasjonane.
Målebandet er ein meter langt. Bandet har markeringar i kvar ende, på midten, mellom midten og enden og i tillegg på kvar tidel. Målebandet kan brukast til å måle ulike lengder i klasserommet og i nærmiljøet. Vi oppfordrar eleven til å finne sine eigne målereiskap. Målebandet viser ikkje standard måleeiningar som centimeter og millimeter. For dei minste barna er omgrepa viktigare enn dei eksakte måla.
Terningane visualiserer talmengder frå 0 – 9. Vi brukar dei til å generere rekneoppgåver i spelaktivitetar. Dei kjem i tre ulike fargar : 15 raude, 15 grøne og 15 blå.
Eit geometrisk puslespel med sju geometreisk figurar. Desse kan ein bruke til å lage mange samansette figurar. Seinare kan ein bruke figurane i arealberekning mm.